Salsvilkår og angrerett

Innleiing

Dette kjøpet er regulert av dei nedanforståande standard salsvilkåra for forbrukarkjøp av varer over internett. Forbrukarkjøp over internett er hovudsakleg regulert av avtalelova, forbrukarkjøpslova, marknadsføringslova, angrerettlova og e-handelslova, og desse lovene gir forbrukaren ufråvikelege rettar. Lovene er tilgjengelege på lovdata.no. Vilkåra i denne avtalen skal ikkje forståast som nokon avgrensing i dei lovbestemte rettane, men fastset partane sine viktigaste rettar og plikter for handelen.

Salsvilkåra er utarbeidde og tilrådde av Forbrukartilsynet.

1. Avtalen

Avtalen består av desse salsvilkåra, opplysningar gitt i bestillingsløysinga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som er særskilt avtalt mellom partane føre, så lenge det ikkje strir mot ufråvikeleg lovgiving.

Avtalen vil i tillegg bli utfylt av relevante lovbestemmingar som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukarar.

2. Partane

Selgar er FjordDNA v/Gunnar Sigve Aurdal, Elvavegen 6, 6104 Volda, epost: fjorddna@gmail.com, tlf: 99017158, org.nr.: 929374940. Han blir i det følgjande kalla selgar/selgaren.

Kjøpar er den forbrukaren som utfører bestillinga, og blir i det følgjande kalla kjøpar/kjøparen.

3. Pris

Den oppgjevne prisen for vara og tenestene er den totale prisen kjøpar skal betale. Denne prisen inkluderer frakt til kjøpars adresse, alle avgifter og tilleggskostnader. Ytterlegare kostnader som selgar ikkje har informert om før kjøpet, skal ikkje belastast kjøpar. Vidare frakt frå kjøpar til lab i USA vert betalt av kjøpar hos Posten, med mindre anna er avtalt.

4. Avtaleinngåing

Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen har sendt sin bestilling til selgaren.

Avtalen er likevel ikkje bindande dersom det har oppstått skrive- eller tastefeil i tilbodet frå selgaren i bestillingsløysinga i nettbutikken eller i kjøparen si bestilling, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det låg føre ein slik feil.

5. Betaling

På nettsida vil det vere mogleg å betale med Vipps, Paypal og med kredittkort.

Selgaren kan krevje betaling for vara frå det tidspunktet ho blir sendt frå selgaren til kjøparen.

Dersom kjøparen bruker kredittkort eller debetkort ved betaling, kan selgaren reservere kjøpesummen på kortet ved bestilling. Kortet blir belasta same dag som vara blir sendt.

Ved betaling med faktura, blir fakturaen til kjøparen utferda ved forsendelse av vara. Betalingsfristen går fram av fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak.

Kjøparar under 18 år kan ikkje betale med etterfølgande faktura.

6. Levering

Levering har skjedd når kjøparen, eller hans representant, har overtatt tingen.

Selgar sender bestilt vare innan ei veke etter bestilling. Ved tidkrevande tenester som slektsgransking og tolking, vil dette sendast skriftleg etter ferdigstilling. Dette vil variere i tid, og selgar vil sende eit tidsestimat per epost til kjøpar innan ei veke etter bestilling.

Dersom ikkje leveringstidspunkt går fram av bestillingsløysinga, skal selgaren levere vara til kjøpar utan unødig opphald og seinast 30 dagar etter bestillinga frå kunden. Vara skal leverast hos kjøparen med mindre anna er særskilt avtalt mellom partane. Ved tomt varelager vil det kunne ta noko lenger tid å bestille frå USA, men ikkje meir enn 50 dagar.

7. Risikoen for varen

Risikoen for varen går over på kjøparen når han, eller kjøparen sin representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.

8. Angrerett

Med mindre avtalen er unntatt frå angrerett, kan kjøparen angre kjøpet av vara i samsvar med angrerettlova.

Kjøparen må gi selgaren melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen begynner å løpe. I fristen er alle kalenderdagar inkluderte. Dersom fristen endar på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag, blir fristen forlenga til næraste virkedag.

Angrefristen blir rekna som overhalden dersom meldinga er sendt før fristen er ute. Kjøparen har bevisbyrda for at angreretten er blitt gjort gjeldande, og meldinga bør derfor skje skriftleg (angrerettskjema, e-post eller brev).

Angreretten gjeld ikkje ved brukt vare (når DNA-test er opna og tatt i bruk), sidan dette vil øydelegge seinare bruk av den for andre.

Angrefristen begynner å løpe:
– Ved kjøp av enkeltståande varer vil angrefristen løpe frå dagen etter vara(ene) er motteken.

– Ved kjøp av abonnement, eller dersom avtalen inneber regelmessig levering av identiske varer, løper fristen frå dagen etter første forsendelse er motteken.

– Består kjøpet av fleire leveransar, vil angrefristen løpe frå dagen etter siste leveranse er motteken.

Angrefristen blir utvida til 12 månader etter utløpet av den opprinnelege fristen dersom selgaren ikkje før avtaleinngåinga opplyser om at det ligg føre angrerett og standardisert angreskjema. Det same gjeld ved manglande opplysning om vilkår, tidsfristar og framgangsmåte for å bruke angreretten. Dersom den næringsdrivande gir opplysningane i løpet av desse 12 månadene, går angrefristen likevel ut 14 dagar etter den dagen kjøparen mottok opplysningane.

Ved bruk av angreretten må vara leverast tilbake til selgaren utan unødig opphald og seinast 14 dagar etter meldinga om bruk av angreretten er gitt. Kjøparen dekker dei direkte kostnadene ved å returnere vara, med mindre anna er avtalt eller selgaren har unnlatt å opplyse om at kjøparen skal dekke returkostnadene. Selgaren kan ikkje fastsette gebyr for kjøparen sin bruk av angreretten.

Selgaren er forplikta til å tilbakebetale kjøpesummen til kjøparen utan unødig opphald, og seinast 14 dagar etter at selgaren fekk melding om kjøparen si avgjerd om å bruke angreretten. Selgaren har rett til å halde tilbake betalinga til han/ho har mottatt varene frå kjøparen, eller til kjøparen har lagt fram dokumentasjon for at varene er sendt tilbake.

9. Forsinkelse og manglande levering – kjøparen sine rettar og frist for å melde krav

Dersom selgaren ikkje leverer vara eller leverer ho for seint i samsvar med avtalen mellom partane, og dette ikkje skuldast kjøparen eller forhold på kjøparen si side, kan kjøparen i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 5 etter omstenda halde kjøpesummen tilbake, krevje oppfylling, heve avtalen og/eller krevje erstatning frå selgaren.

Ved krav om misligholdsbeføyelser bør meldinga av bevisomsyn vere skriftleg (til dømes e-post).

Oppfylling
Kjøparen kan halde fast ved kjøpet og krevje oppfylling frå selgaren. Kjøparen kan likevel ikkje krevje oppfylling dersom det ligg føre ein hindring som selgaren ikkje kan overvinne, eller dersom oppfylling vil føre til ein så stor ulempe eller kostnad for selgaren at det står i vesentleg misforhold til kjøparen si interesse i at selgaren oppfyller. Skulle vanskane falle bort innan rimeleg tid, kan kjøparen likevel krevje oppfylling.

Kjøparen taper retten til å krevje oppfylling dersom han eller ho ventar urimeleg lenge med å fremje kravet.

Heving
Dersom selgaren ikkje leverer vara på leveringstidspunktet, skal kjøparen oppfordre selgaren til å levere innan ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling. Dersom selgaren ikkje leverer vara innan tilleggsfristen, kan kjøparen heve kjøpet.

Kjøparen kan likevel heve kjøpet umiddelbart dersom selgaren nektar å levere vara. Det same gjeld dersom levering til avtalt tid var avgjerande for inngåinga av avtalen, eller dersom kjøparen har underretta selgaren om at leveringstidspunktet er avgjerande.

Blir tingen levert etter tilleggsfristen forbrukaren har sett eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåinga av avtalen, må krav om heving bli gjort gjeldande innan rimeleg tid etter at kjøparen fekk vite om leveringa.

10. Mangel ved varen – kjøparen sine rettar og reklamasjonsfrist


Dersom det føreligg ein mangel ved vara, må kjøparen innan rimeleg tid etter at den blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gi selgaren melding om at han eller ho vil påberope seg mangelen. Kjøparen har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 månader frå mangelen blei oppdaga eller burde blitt oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøparen overtok vara. Dersom vara eller delar av den er meint å vare vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.

Dersom vara har ein mangel og dette ikkje skuldast kjøparen eller tilhøve på kjøparen si side, kan kjøparen i tråd med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 6 etter omstenda halde att kjøpesummen, velje mellom retting og omlevering, krevje prisavslag, krevje avtalen heva og/eller krevje erstatning frå selgaren.

Reklamasjon til selgaren bør skje skriftleg.

Retting eller omlevering
Kjøparen kan velje mellom å krevje mangelen retta eller levering av tilsvarande ting. Selgaren kan likevel motsetje seg kjøparen sitt krav dersom gjennomføringa av kravet er umogleg eller påfører selgaren urimelege kostnader. Retting eller omlevering skal skje innan rimeleg tid. Selgaren har i utgangspunktet ikkje rett til å foreta meir enn to avhjelpsforsøk for same mangel.

Prisavslag
Kjøparen kan krevje eit passande prisavslag dersom vara ikkje blir retta eller omlevert. Dette inneber at forholdet mellom nedsett og avtalt pris svarar til forholdet mellom tingens verdi i mangelfull og kontraktsmessig stand. Dersom særlege grunnar talar for det, kan prisavslaget i staden setjast lik mangelens betydning for kjøparen.

Heving
Dersom vara ikkje er retta eller omlevert, kan kjøparen også heve kjøpet når mangelen ikkje er uvesentleg.

11. Selgaren sine rettar ved kjøparen sitt mishald


Dersom kjøparen ikkje betaler eller oppfyller dei øvrige pliktene etter avtalen eller lova, og dette ikkje skuldast selgaren eller tilhøve på selgaren si side, kan selgaren i tråd med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 9 etter omstenda halde vara att, krevje oppfylling av avtalen, krevje avtalen heva samt krevje erstatning frå kjøparen. Selgaren vil også etter omstenda kunne krevje renter ved forseinka betaling, inkassogebyr og eit rimeleg gebyr ved uavhenta varer.

Oppfylling
Selgaren kan halde fast ved kjøpet og krevje at kjøparen betaler kjøpesummen. Er vara ikkje levert, taper selgaren retten sin dersom han ventar urimeleg lenge med å fremme kravet.

Heving
Selgaren kan heve avtalen dersom det føreligg vesentleg betalingsmishald eller anna vesentleg mishald frå kjøparen si side. Selgaren kan likevel ikkje heve dersom heile kjøpesummen er betalt. Fastset selgaren ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling og kjøparen ikkje betaler innan denne fristen, kan selgaren heve kjøpet.

Renter ved forseinka betaling/inkassogebyr
Dersom kjøparen ikkje betaler kjøpesummen i tråd med avtalen, kan selgaren krevje renter av kjøpesummen etter forseinkingsrentelova. Ved manglande betaling kan kravet, etter førehandsvarsel, bli sendt til inkasso. Kjøparen kan då bli heldt ansvarleg for gebyr etter inkassolova.

Gebyr ved uavhenta ikkje-forskotsbetalte varer
Dersom kjøparen unnlèt å hente ubetalte varer, kan selgaren belaste kjøparen med eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekke selgaren sine faktiske utlegg for å levere vara til kjøparen. Eit slikt gebyr kan ikkje belastast kjøparar under 18 år.

12. Garanti

Garanti som blir gitt av selgaren eller produsenten, gir kjøparen rettar i tillegg til dei kjøparen allereie har etter ufråvikeleg lovgiving. Ein garanti inneber dermed ingen avgrensingar i kjøparen sin rett til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar etter punkt 9 og 10.

13. Personopplysningar

Behandlingsansvarleg for innsamla personopplysningar er selgaren. Med mindre kjøparen samtykker til noko anna, kan selgaren, i tråd med personopplysningslova, berre innhente og lagre dei personopplysningane som er nødvendige for at selgaren skal kunne gjennomføre forpliktingane etter avtalen. Kjøparen sine personopplysningar vil berre bli utleverte til andre dersom det er nødvendig for at selgaren skal få gjennomført avtalen med kjøparen, eller i lovbestemte tilfelle.

14. Konfliktløysing

Klager rettast til selgaren innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal forsøkje å løyse eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukartilsynet for mekling. Forbrukartilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 400 600 eller www.forbrukartilsynet.no.

Europa-kommisjonen sin klageportal kan også brukast dersom du ønskjer å klage. Det er særleg relevant dersom du er forbrukar busett i eit anna EU-land. Klaga blir levert her: http://ec.europa.eu/odr.