Sakse Ottarsson Balle Bjørkedal, Søre (15-1600)
Sakse Ottarsson Balle var fødd godt inne på 1500-talet og skal visstnok ha vore ein sterk mann og skal ha vore den første båtbyggaren på Bjørkedalen. Sagbruk hadde han også. Han dreiv heile det øvre bruket, men delte dette opp til to av sønene sine. Vi veit om tre av sønene hans; Baltser, Iver og Lars, som alle vart gardbrukarar i Bjørkedalen. Sakse fekk ei stor etterslekt.
TESTA RESULTAT
Namn | Gard | Fødd | Område | Split | Kit no | Haplogruppe | Siste SNP | Markørar |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Sakse Ottarsson Balle | Bjørkedal, Søre | 15-1600 | Volda | Jon Pedersson Søre Bjørkedal (1763) | 273531 | R1b | R-Y58354 | 500 |
Sakse Ottarsson Balle | Bjørkedal, Søre | 15-1600 | Volda | Peder Pedersson Søre Bjørkedal (1757) | 630111 | R1b | R-Y58354 | 12 |
![]() |
Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør
viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR
Frå Afrika til Møre
Denne artikkelen er sponsa av avisa Møre, og vart først trykt i julenummeret til Møre 2023. Sivert Knutsson Aarflot (1759-1817) var ein kjend og viktig person i Volda-historia. Lærar, lensmann, forleggar, redaktør og folkeopplysningsmann. Ein ur-volding, eller ur-ørsting ville vel nokre naboar seie. Eller var han det? Moderne DNA-teknologi kan svare oss på det. Sidan…
Sakse-linja i Bjørkedalen – og det presten ikkje visste
Det er to ting eg ofte møter når folk snakkar med meg om slektsgransking. Det eine er om eg har funne spor etter spanske og portugisiske skipbrotne (“vi har mykje brune auger i familien”), og det andre er om eg har funne spor etter utruskap; dei klassiske bileta om ein passerande postmann, eller det å…