Rasmus Olsson Bueide (1650)

Rasmus Olsson Bueide (c1650-1725) kom til Bueide mot slutten av 1600-talet og vart gift med Magdalene Larsdotter Langvatn (?-1733). Vi veit ikkje kvar han kom frå, og Bueide var ein sopass ny gard at det ikkje hadde vore mange brukarar før han. Eidet ligg mellom Kalvatn i Austefjorden og Skjåstaddalen i Hjørundfjorden. Rasmus og Magdalene fekk minst sju born; Brite (c1701), Marte, Lars (c1705), Rasmus (1715), Anne (1715), Siri (c1720) og Anne (c1724). Dottera deira, Anne f. 1715, døydde som barn, men dei seks andre levde opp og vart gifte. Sonen Lars tok over Bueide. Rasmus døydde omlag 75 år gammal i 1725, og Magdalene vart då gift oppatt med Josef Eliasson Klepp (1682-1738).

IKKJE TESTA

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Rasmus OlssonBueide1650Volda-----

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen