Ole Rasmusson Holte (1753)
Ole Rasmusson Holte (c1753-1834) kom som gift mann med to born til Holte kring 1787. Kona heitte Anne Øysteinsdotter (c1752-1809). I Busetnadssoga band 2 og Voldasoga band 3 er det ikkje nemnd kvar dei kom frå, men det har vi funne i ettertid; dei kom frå Stryn, og Oles eldste ane i rein farslinje er Arne Johannesson Erdal i Stryn, fødd på 1600-talet. Ole og Anne fekk 8 born me kjenner til; Annfrid (1785), Lisbet (1787), Rasmus (1789), Peder (1793), Øystein (1794), Marie (1795), Anders (1797) og Karl (1798), men det er berre dei fire eldste me veit vart vaksne.
IKKJE TESTA
Namn | Gard | Fødd | Område | Split | Kit no | Haplogruppe | Siste SNP | Markørar |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Ole Rasmusson | Holte | 1753 | Volda | - | - | - | - | - |
Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.
RELATERTE ARTIKLAR
Ingen artiklar tilgjengeleg om personen