Ole Jonsson Høydal, Ytre (1655)
Ole Jonsson Ytre Høydal (c1655-1727) kom til Syvergarden i ytre Høydal ein gong mot slutten av 1600-talet. Her fann han odelstausa Solveig Sveinsdotter som var dottera til førre brukaren, Svein Iversson, som i 1701 skulle ha vore "fra sitt sans" i 16 år - altså mentalt sjuk. Ole og Solveig fekk minst fire born; Knut (1698), Brite (c1700), Jon (c1712) og Malene (1714). Ole døydde i 1727, og Brite tok over garden, som fram til i dag har vore i familien.
TESTA RESULTAT
Namn | Gard | Fødd | Område | Split | Kit no | Haplogruppe | Siste SNP | Markørar |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Ole Jonsson | Høydal, Ytre | 1655 | Volda | - | BP55951 | I1 | I-FGC59339 | 700 |
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja. |
Testen er heilt eller delvis finansiert av
Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.
RELATERTE ARTIKLAR
Nye resultat 7: Ole Jonsson Ytre Høydal (c1655), Volda og korleis denne viser kva som er rett
Lenge sidan sist – det er mykje som skjer for tida på jobb- og heimefronten. Men det er mange nye resultat som har kome inn, og det er på tide å presentere eit av desse. Dette var frå ein av dei frivillige testarane som har Ole Jonsson frå Ytre Høydal i Austefjorden som eldste ane.…