Mons Knutsson Folkestad, Indre (c1739)

Mons Knutsson Folkestad (c1739-1809) står i Busetnadssoga oppført som son av Knut Pedersson Bjørkedal og Helvig Olsson Kile, men dette stemmer ikkje om ein går inn i kjeldene. Mons er truleg fødd utanfor Volda. Han stammar frå ei Nordfjordgrein med utgangspunkt i ein felles ane frå kring 1450. Mons gifta seg med Marte Johannesdtr. Kile (c1735-1802) og dei fekk to søner og ei dotter; Johannes (1766), Else (1768/69) og Knut (1772). Dei budde på Monsgarden på Indre Folkestad, og sonen Knut overtok garden etter dei.

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Mons KnutssonFolkestad, Indrec1739Volda-559569NN-BY195486700
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja.

Testen er heilt eller delvis finansiert av

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

  • Sakse-linja i Bjørkedalen – og det presten ikkje visste

    Det er to ting eg ofte møter når folk snakkar med meg om slektsgransking. Det eine er om eg har funne spor etter spanske og portugisiske skipbrotne (“vi har mykje brune auger i familien”), og det andre er om eg har funne spor etter utruskap; dei klassiske bileta om ein passerande postmann, eller det å…

    Les meir