Lars Pedersson Langvatn (15-1600)
Lars Pedersson må ha vore fødd ein gong på andre halvdel av 1500-talet og er den fyrste brukaren vi kjenner til av det vi kallar Vindsåsen i dag. Garden har blitt flytte frå klyngetunet på Langvatnet til Vindsåsen i seinare tid. Vi veit ikkje kven Lars var gift med, men ifølge eit skifte frå 1627, skal han ha vore bror til Jakob Standal, ei syster gift med Ole Hustad og ei andre syster som vart gift med Jon Arnesson Kalvatn. Dei eigde jordegods på Kalvatn, i Osdalen og på Bueide. Han fekk sonen Ole (c1600) som overtok garden etter han. Langvatn er ein gammal gard, og Vindsåsen er eitt av dei gamle hovudbruka herfrå. Fyrste gongen Langvatn er nemnd i ei kjelde er i 1518-22 då Morten "på Lagwold" får kvittering for 1 lodd sølv i skatt. Seinare er det berre skrive Langvatn, og garden ligg ved Langvatnet og har nok fått namnet sitt frå dette.
TESTA RESULTAT
Namn | Gard | Fødd | Område | Split | Kit no | Haplogruppe | Siste SNP | Markørar |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Lars Pedersson | Langvatn | 15-1600 | Volda | - | BP75785 | I2 | I-Y10668 | 37 |
Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.
RELATERTE ARTIKLAR
Ingen artiklar tilgjengeleg om personen