Gammel Olsson Løndal (1677)
Gammel Olsson var fødd kring 1677 og kom til Løndalen som ny brukar utanfrå. Det er ganske sannsynleg at Gammel kom frå Skarbø i Stranda. Sjølv om han ikkje stend i bygdeboka under Skarbø, kan det vere grunna at han var fødd etter 1666, då manntalet vart gjort. Han var då son av Ole Knutsson Skarbø og Eufemia Halkjellsdotter Vinje. Eufemia var eit sjeldan namn og ikkje vanleg i Volda. Gammel har også ei dotter han kallar Femia. Vi kan også koble han til Skarbø via manntalet 1701 der ein Gammel Olsson Skarbø, fødd kring 1675, var tenar på ein annan gard. Gammel var gift med Anne Torbjørnsdotter Bjørkedal (c1678) og hadde minst sju born; Ole, Anders, Ole d.y. (c1705), Jon (1714), Ragnhild (1715), Femia (c1721) og Peder (c1724). (Busetnadssoga 1 (2005): 197)
TESTA RESULTAT
Namn | Gard | Fødd | Område | Split | Kit no | Haplogruppe | Siste SNP | Markørar |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Gammel Olsson | Løndal | 1677 | Volda | - | BP47533 | R1a | R-L448 | 37 |
Testen er heilt eller delvis finansiert av
Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.
RELATERTE ARTIKLAR
Ingen artiklar tilgjengeleg om personen