Anders Olsson Hjorthaugås (1654)
Anders Olsson Hjorthaugås (ca. 1654-før 1701), også kjent som Åse-Anders, budde på Hjorthaugåsen siste del av 1600-talet. Det er ikkje kjent kven kona hans var. Voldasoga og Busetnadssoga er litt ueinige om talet på born, men dei er einige om sonen Ole (ca. 1689), som seinare kom til Bjørdal i Ørsta. Voldasoga nemner fem døtre: Anna, Ragnhild, Kari, Inger og Brit, og alle desse vart gift. Anders Olsson Hjorthaugås døydde før 1701, og enkja etter han vart gift med ein Paul som busette seg på bruket.
TESTA RESULTAT
Namn | Gard | Fødd | Område | Split | Kit no | Haplogruppe | Siste SNP | Markørar |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Anders Olsson | Hjorthaugås | 1654 | Volda | - | BP58436 | R1b | - | 37 |
Testen er heilt eller delvis finansiert av
Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.
RELATERTE ARTIKLAR
Ingen artiklar tilgjengeleg om personen