Kurs og tenester
Oversikt over tenester, kurs og foredrag om slektsgransking og DNA.
Ta kontakt for å avtale pris då dette vil variere alt etter behov og ønskje.
Kurs om DNA i slektsgransking
Lær meir om korleis ein kan nytte ulike DNA-metoder til å kome lenger i slektsgranskinga eller til å tilføre lokalhistoria meir kunnskap.
- Foredrag om y-DNA (farslinjer), mtDNA (morslinjer) og autosomalt DNA (generelt arvemateriale).
- Passar til både små lag og store forsamlingar.
- Lang erfaring om emnet.
Finn ukjente fedre
Veit du ikkje kven far eller bestefar er? DNA er er flott metode for å finne meir ut om kven faren/bestefaren din er.
- Bruk av slektsgransking og DNA for å finne ukjent slekt.
- I kring 90% av tilfella vil vi klare å finne din ukjende far eller bestefar.
- Vi kan lage til den nye greina til treet ditt, om det er eit ønske om det.
Slektsgransking
Ønsker du eit slektstre? Det kan eg hjelpe deg med.
- Ulike pakkar til ulik pris.
- Lang erfaring med slektsgransking.
- Kan bestillast både i papirform og som tre på nettet.
- Jobbar hovudsakleg med norske tre, men kan også jobbe i andre skandinaviske kjelder.
Reis tilbake til din slektsgard
Bli med på ei reise til din ein av dine slektsgardar og lær om korleis dine forfedre levde her.
- Per i dag avgrensa til Søre Sunnmøre og delar av Nordfjord.
- Pakken inkluderar reise til og frå garden og enkel servering, samt andre element om ønska (plukk og miks).
- Reise til og frå startpunkt og overnatting er ikkje inkludert, men kan vere behjelpelig med tips og råd.
Skuleprosjektet “Mitt afrikanske DNA”
Få hjelp til å starte eit tverrfagleg skuleprosjekt på VG3 på vidaregåande skule om DNA og vår alles felles historie.
- Har hatt prosjekt på Volda VGS sidan 2016.
- Prosjektet vann HIFOs Historieundervisningspris 2023.
- Engasjerande for elevane og er med på å bygge lokalhistoriske databasar.
«…Gunnar er profesjonell og seriøs. Det har vore lett å samarbeide med han, og vi er godt nøgde med dei tjenestene han har levert til oss….»
BÅRD, kunde