Finn din ukjende far eller bestefar

Står du ovanfor utfordringa med ikkje å vite kven din far eller bestefar er? DNA-testing er eit kraftfullt verktøy som kan hjelpe deg med å oppdage meir om ditt biologiske opphav og finne svar på spørsmål om den sida du ikkje veit noko om.

DNA og slektsgransking for å finne ukjent slekt

Vi brukar DNA og slektsgransking for å utforske og rekonstruere dine genetiske røter. Sjølv om vi ikkje kan garantere at vi vil kunne identifisere din far eller bestefar, kan vi love at du vil oppdage noko nytt og spennande om dine forfedre.

Korleis fungerer det?

Vi startar med ein DNA-test som gir verdifulle genetiske data, om du ikkje allereie har tatt ein. Deretter brukar vi avanserte genetiske genealogimetodar og slektsgranskingsverktøy for å samanlikne resultatane med DNA-databasar og slektstreet. Dette kan føre til funn av ukjente slektningar og gi deg eit nærare innblikk i din fars opphav.

Prisar og tenester

Våre tenester for å finne ukjente fedre startar med eit innleiande oversyn der granskaren vår kartlegg og ser om det er lurt å gå vidare, og ev. kva veg ein skal gå. Denne kostar 1250,- kroner.

Om ein etter dette ønsker å gå vidare, er det til ein pris av 600,- kroner per time, om det er mindre enn 10 timar arbeid. For prosjekt som krev meir tid og grundigheit, er prisen 500,- kroner per time etter dei første 10 timane.

Ta det første steget mot å finne dine genetiske røter

Kontakt oss i dag for å starte reisa med å avdekke di ukjende farslinje og oppdage meir om dine forfedres historie. Sjølv om resultata ikkje alltid er føreseielege, kan prosessen vere givande og gi deg innsikt i ditt genetiske opphav. Saman kan vi utforske og avsløre dei spennande historiene som kan ligge skjult i dine gener.

Ta kontakt!

990 17 158

fjorddna@gmail.com

Elvavegen 6, 6104 Volda

Følg oss på sosiale medium

Du godtek at vi kommuniserer med deg på e-post når du sender inn dette skjemaet.

«…Undervegs i prosessen dukka det opp nokre ukjende DNA-treff. Ved hjelp av godt detektivarbeid og ulike analyseprogram klarte vi å finne ut kven som var min biologiske morfar…»

Bård, kunde