Informasjonskapslar og personvern
Denne personvernerklæringa gjeld ved bruk av nettstsaden fjorddna.com.
Erklæringa gir informasjon om handsaming av data utført av FjordDNA og avgjer føremålet og verkemidlane for handsaminga og handsaming av data vi gjer på vegne av brukarane basert på deira instruksjonar.
Personlig data kan nyttast til å halde kontakt i samband med bestillingar av tenestar, til å inngå avtalar om tenestar, og til marknadsføring.
Ved markedsføring på e-post/sms må eksplisitt samtykke samlast inn på førehand.
Ved å gi oss personlege opplysningar, godtek du praksis og vilkår som er formulert i denne personvernerklæringa.
Om du har innvendingar med omsyn til vår handsaming av personvern har du også høve til å klage til Datatilsynet.
Ansvarleg for handsaming:
FjordDNA
Elvavegen 8
6104 VOLDA
E-post: fjorddna@gmail.com
Opplysningar som hentast inn
Opplysningar kan registrerast og lagrast når du er i kontakt med FjorDNA via e-post.
Underleverandørar
Ansvarleg for handsaming nyttar seg også av tenester levert av 3. Part. Her er ei oversikt over underleverandørar der informasjon kan lagrast.
Google Workspace:
Google Workspace nyttast mellom anna til handsaming av e-post og dokument (G Disk). Informasjon blir lagra i desse systema og e-postkorrespondanse eller dokument kan bli lagra hos Google.
Site Kit by Google
Site Kit by Google nyttast mellom anna til å plassere annonser på nettstaden. I samband med dette kan informasjon nyttast til å syne annonser som er tilpassa brukaren.
Koko Analytics
Vi nyttar Koko Analytics for å samle inn anonymisert informasjon om korleis brukarane nyttar sida vår. Informasjonen blir lagra lokalt, på nettstaden sin eigen server.
Innsyn og retting
Du har krav på innsyn i dei opplysningane som er registrert om deg. Du kan få innsyn ved å sende en e-post til fjorddna@gmail.com. Om dei registrerte opplysningane ikkje er riktige eller er ufullstendige, kan du krevje at opplysningane blir retta på i samsvar med personopplysningslova.
Lagring og sletting
Opplysningar som ikkje lenger er nødvendig for det føremålet dei er laga for, blir sletta frå systema våre.
Informasjon om bruk av informasjonskapslar.
Ein informasjonskapsel (cookie) er ei lita tekstfil som blir lagra på datamaskina di.
Vi nyttar informasjonskapsler mellom anna til å gjere brukeropplevinga betre og som ein del av markedsføringa vår.
Når du nyttar tenestene våre, set vi både mellombelse og varige informasjonskapslar. Ein mellombels informasjonskapsel blir ofte sletta automatisk når du let att nettlesaren din, medane varige kan ligge på maskina di i opptil eitt år.
Lær meir om informasjonskapslar på datatilsynet.no.
Følgjande informasjonskapslar blir nytta på nettstaden
Google Adsense
Vi nyttar oss av visning av annonser gjennom Google sin plattform. Informasjonskapslar nyttast slik at annonsering kan målrettast med utgangspunkt i korleis brukaren nyttar sida.
Koko Analytics
Informasjonskapslar nyttast for å samle inn informasjon om korleis brukaren nyttar sida. All informasjon blir anonymisert.
Samtykke i bruk av informasjonskapsler
I samsvar med norsk lov har du automatisk samtykka i at vi lagrar informasjonskapslar på datamaskina di om du tillet dette gjennom innstillingane i nettleserane din.