Lars Olsson Rotevatn (1710)

Lars Olsson Rotevatn (ca. 1710-1775) kom til Rotevatn frå ein annan stad vi ikkje veit, men Voldasoga meinar han kunne ha kome frå Borgund, skjønt det er ikkje stadfesta. Han var brukar av Jogarden, eit av dei gamle hovudbruka på Rotevatn. Busetnadssoga nemner han som fostersonen til den førre brukaren Johannes Larsson. Lars var først gift med Marte Steinarsdotter Humberset (ca. 1720-1750), og dei fekk borna Karen (ca. 1725) og Elias (ca. 1737). Dei oppgjevne fødselsåra til borna i Busetnadssoga stemmer ikkje med alder til foreldra. Voldasoga nemner og ein son til, Sivert. Etter at Marte døydde gifte Lars seg på nytt med Kirsti Jonsdotter Rotevatn (ca. 1714-1775).

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Lars OlssonRotevatn1710Volda-332305I2I-FTF60596700
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja.

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

Ingen artiklar tilgjengeleg om personen