Knut Jonsson Leite (15-1600)
Knut Jonsson (c1560-?) er den første brukaren av Leite i Austefjorden. Vi veit lite om han anna enn at han fekk sonen Henrik (c1596), som overtok garden etter han. Leite har nok opprinneleg vore ein del av Fyrde i si tid, men det er likevel lett å forestille seg at den har vore i bruk ganske lenge, med godt oversyn og rikeleg med skog. Vi veit ikkje kor tid Knut døydde, men sonen overtok garden kring 1635, så det kan vere han levde omlag til det.
TESTA RESULTAT
Namn | Gard | Fødd | Område | Split | Kit no | Haplogruppe | Siste SNP | Markørar |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Knut Jonsson | Leite | 15-1600 | Volda | - | 233940 | I1 | I-FTB95587 | 700 |
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja. |
Testen er heilt eller delvis finansiert av
Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.
RELATERTE ARTIKLAR
Eit lokalhistorisk cluster i Volda og Ørsta
Når mange nok personar frå eit område DNA-testar seg vil det dukke opp eit såkalla cluster – ei samling av personar med samme opphav. Når ein finn slike cluster med eit opphav som ikkje ligg lenger bak enn 14-1500-talet byrjar sjansane for å kunne finne nye lokalhistoriske element store. Dette er historia om eit cluster…