Ny rekord i Mitt Afrikanske DNA!
Kort samandrag
Elevar ved Volda vidaregåande skule deltek i prosjektet Mitt Afrikanske DNA, der VG3-elevar får høve til å DNA-teste slektsrøtene sine. Denne veka vart det sett ny rekord med 29 testa elevar, opp frå 26 i fjor, mykje takka vere støtte frå sponsorar. Testane viser ei variert bakgrunn med forfedrar både frå Noreg og fleire andre land, som Kina, Polen og Italia. Nokre av dei eldste slektslinjene går heilt tilbake til 1500-talet i Noreg. Resultata skal analyserast og presenterast til våren, for å vise korleis historiske migrasjonsbølgjer har forma dagens Noreg. (Samandraget er KI-generert)
Denne veka var det duka for den store testdagen av Volda VGS sitt prosjekt Mitt Afrikanske DNA 24/25. Det er alle elevane på VG3 på skulen som får tilbod om å melde seg på for å bli plukka ut til DNA-testing.
Forrige veke hadde vi også kickoff på Valdres VGS sitt Mitt Afrikanske DNA, som arrangerer dette for aller fyrste gong! Ein flott gjeng elevar og lærarar, og vi er godt i gong med slektsgranskinga der, og skal teste elevane i desember.
Mange spennande eldste aner
Tilbake til Volda – skulen betalar for 10 testar – fem gutar og fem jenter. I tillegg har mange fleire firma og privatpersonar donert pengar til nokre av elevane! Hjarteleg tusen takk for det, på vegne av prosjektet og elevane. Tilsaman vart det 29 elevar som har testa seg! Den gamle rekorden frå i fjor var på 26. I tillegg har to lærarar også teke ein mtDNA-test.
Annonse
Dei eldste anene til dei elevane som vart sponsa eller plukka ut var:
Y-DNA
Lars Knutsson Hjelle (c1680), Austefjorden i Volda
Amund på Håvoll (c1540), Ørsta
Jon Knutsson Kvien (c1715), Vartdal (sponsa av Vartdal Plast)
Knut Jonsson Eikrem (c1618), Vanylven
Håvard Sakariasson Ringdal (c1640), Sunnylven (sponsa av FjordDNA)
Peder Olsson Navelsaker (c1662), Eid/Hornindal
Simen Mathiassen (c1697), frå Nordfjord til Selbu
Olav Svenkesson Askland (1658), Åmli i Agder
Lars Larsson Pohjanen (c1510), Torneå, Sverige/Finland
Ukjend polsk frå Lipowiec Kościelny, Mława, Mazowieckie, Polen
Ukjend italiensk frå Sicilia, Italia
Ukjend kinesisk frå Shenyang, Liaoning, Kina
Av desse vil eg framheve nokre, sjølv om alle er spennande.
Amund på Håvoll er sopass gammal, og vi trur og håpar denne vil koble seg på ei av dei mange Ørsta-grupperingane som allereie finnast, og som vi då kan bygge mykje meir info på.
Jon Knutsson Kvien skal i følge Vartdalsoga truleg ha vore frå Myklebust i Ørsta. Der er det ingen som høver. Men på Bjørdal vert der fødd ein høveleg Jon Knutsson som vi ikkje kan gjere meir greie for, og faren hans, Knut Nilsson, var frå Myklebust. Då vil den eldste anen vere Knut Jetmundsson Øy. Og den linja er allereie testa. Får me treff mellom desse to kan vi bevise fleire nye ledd frå Jon Knutsson Kvien og vidare bak til 1500-talet.
Simen Mathiassen kom til Selbu for å finne jobb som i dei mange gruvene i Selbu. Vi kjenner fleire i området som kom frå Nordfjord til Røros for å jobbe i gruvene der, og det hadde vore spennande å sjå om vi via DNA kunne funne meir ut om der faktisk er Nordfjord-treff!
Alle dei utanlandske anene er også spennande, særskild den gamle svensk/finske greina og den frå Sicilia – som kan gå mange vegar reint geografisk!
mtDNA
Guri Larsdotter Ulvestadnakk (c1650), Volda (sponsa av FjordDNA)
Synneve Nilsdotter Heltne (c1675), Volda
Randi Askjellsdotter Kvistad (c1660), Hjørundfjorden
Gjertrud Torsdotter Masdal (c1670), Vartdal (sponsa av Vartdal Plast)
Randi Ellingsdotter Årskog (c1665), Vartdal (sponsa av Vartdal Plast)
Anne Pedersdotter Hjøringdal (c1680), Hareid (sponsa av FjordDNA)
Anne Olsdotter Eidså (c1570), Vanylven
Guro Larsdotter Frøysa? (c1715), Sunnylven
Berte Svendsdatter Gaas (1599) Norddal (sponsa av Norsk Slektshistorisk Forening)
Gjertrud Hansdotter Gribbestad (c1620), Veøy i Romsdal
Ingeborg Eriksdotter Erdal (c1725), Oppstryn
Marte Hansdatter Mæhlum (c1710), Ringsaker, Hedmark
Sissel Thomasdatter Skjernøysund (c1625), Mandal, Agder
Torbor Jonsdatter Hogganvik (c1700), Mandal, Agder
Ane Pettersdatter Storvea (1723), Nærøysund, Trøndelag
Marit Kristoffersdatter Sortland (c1719), Borge i Lofoten
Ukjend brasiliansk frå Belém, Brasil
Igjen er det vanskeleg å trekke fram nokre framfor andre, men to av dei – både Årskog og Hjøringdal – er linjer som kanskje testa tidlegare. Dei hadde begge to systre som har etterkommarar i rein dotterlinje i dag som har testa seg, men vi veit altså berre namnet på faren. Og aldersforskjellen mellom systrene er tilsynelatande mellom 10 og 20 år. Dermed KAN dei ha hatt ulike mødre. Det får me svar på med desse to testane, for vi veit dei hadde samme far, men mødrene er ikkje nemnd.
Anne Olsdotter Eidså er også spennande for det er særs sjeldan vi kan teste så gamle morslinjer. I tillegg er det mange etterkommarar etter Anne, så denne vil nok vekke interesse hos mange.
Mandalstestane er også spennande sidan Agder er eit av dei minst testa fylka i Noreg.
Og kva som skjuler seg bak den brasilianske vert også spennande! Er det av ei europeisk linje, eller er det av urinnvånarane som var dei første som befolka Amerika?
Resultata vert posta i mai
No er testane sendt inn, og eg reknar med at resultata vil kome utover januar. Likevel kjem det ikkje artikkel før vi har hatt årets siste treff med elevane i mai, når alle testane er tolka og sett inn i ein historisk kontekst der vi får sjå reisene til elevane sine forfedre og sjå at vi alle har kome til Noreg i mange bølger, og at desse bølgene har vore med på forme oss som nasjon – og framleis gjer det.