Kristoffer Pedersson Kile (15-1600)
Kristoffer Pedersson Kile vart truleg fødd kring midten av 1500-talet og var brukar av Pergarden på Kile. Kile ligg mellom Straumshamn og Bjørkedalen og er ein gammal gard. Det er gjort funn frå vikingtida, og truleg er den mykje eldre enn dette. Voldasoga 3 (s. 325) meiner Kristoffer var på Nilsgarden, men det er vanskeleg å vite heilt sikkert i dag. Det vi veit om Kristoffer er at han var gift med ei Sigrid som vart enke før 1609, så han levde ikkje lenger enn det. Han fekk minst tre born; Peder (c1596), Halvor (c1601) og Erik (uviss alder).
TESTA RESULTAT
Namn | Gard | Fødd | Område | Split | Kit no | Haplogruppe | Siste SNP | Markørar |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kristoffer Pedersson | Kile | 15-1600 | Volda | - | BP24219 | R1b | R-Z52 | 111 |
Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.
RELATERTE ARTIKLAR
Ingen artiklar tilgjengeleg om personen