Nils Dale, Ytre (c1580)
Nils på ytre Dale er vel fødd ein gong midt på 1500-talet og vi veit ikkje kor han kom frå. Kanskje var han frå Instebakkane i Ytre Dale der han var brukar. For garden er gammal og har nok vore i familie over tid. Allereie i 1426 er der brev som omhandlar garden, der det framgår at Bård Bårdsson sel garden til ein Svein Ellingsson. Boka Dalsfjord (s. 20-21) meiner at fleire av etterkommarane på garden ættar frå Svein og at mange i området har namn etter han - m.a. Svein Olsson Dalslisjebø, som har ei testa mannslinje. Vi veit at Nils hadde minst ein son, Ole, som tok over garden. (Busetnadssoga for Volda 1: 535)
IKKJE TESTA
Namn | Gard | Fødd | Område | Split | Kit no | Haplogruppe | Siste SNP | Markørar |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Nils | Dale, Ytre | c1580 | Volda | - | - | - | - | - |
Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.
RELATERTE ARTIKLAR
Ingen artiklar tilgjengeleg om personen