Knut Arnesson Lyngnes (1643)
Knut Arnesson (c1643-?) kom til Hansgarden på Lyngnes kring 1675 og vart gift med enka Brite Jonsdotter (?-1698), som vaks opp her på Lyngnes, og hadde vore gift her før. Då ho døydde i 1698 gifte han seg med den nesten 30 år yngre Anne Jonsdotter Eidset (c1671-1749), og det var med henne han fekk dei tre borna me kjenner til; Hilde (c1705), Arne (c1709) og Ingeborg (c1713).
TESTA RESULTAT
Namn | Gard | Fødd | Område | Split | Kit no | Haplogruppe | Siste SNP | Markørar |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Knut Arnesson | Lyngnes | 1643 | Volda | - | B138257 | R1b | R-BY178313 | 500 |
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja. |
Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.
RELATERTE ARTIKLAR
Frå Irland til Sunnmøre – nok ein gong
Eg har tidlegare skrive eit stykke om nokre sunnmørske linjer som kom frå Irland ein gong etter vikingtida. Det er fleire slike linjer, og den eg skal skrive om i dag har kome hit ein gong mellom år 100 og 950. Vi reiser tilbake til år 127. Romarane har overteke makta i Storbritannia og bygger…