Jakta på dei eldste anane

Kortversjon

Ein eldste ane er den eldste kjende personen i ei rein fars- eller morslinje, avdekt gjennom slektsgransking og DNA-testing. FjordDNA jobbar systematisk for å kartlegge slike linjer ved hjelp av bygdebøker, etterkommarkartlegging og DNA-analyse. Målet er å sikre verdifull slektshistorisk informasjon før linjene forsvinn. Vi er avhengige av både testing og støtte frå deg som les dette – kanskje du kan bidra?

Kva er ein eldste ane? Korleis finn du desse? Dette er spørsmål eg av og til får. I denne artikkelen vil eg vise grunnlaget til prosjektet – sjølve hovuddokumentet eg jobbar utfrå. Det er ikkje ofte eg vert inspirert av eit rekneark, men dette reknearket får meg til å ville jobbe vidare. Det er så utruleg mykje meir vi kan finne ut av saman!

Det store treet vårt har mange greiner me ikkje utforska enno. Fundamentert på våre gamle kjelder og moderne DNA-testing kan vi gjennom systematisk tilnærming finne ut mykje meir om vår felles forhistorie. (AI-generert bilete)

I DNA-samanheng (Y-DNA og mtDNA) er ein eldste ane den eldste kjende personen vi kan finne ved tradisjonell slektsgransking i rein farslinje eller rein morslinje.

Dette med reine linjer er viktig:

  • Ein mann har arva sitt Y-DNA frå faren sin, som igjen har arva det frå sin far, osv. Slektsgranskar vi denne linja, endar vi opp på ein person der vi ikkje kan finne noko meir lenger bak.
  • Det same gjeld mtDNA, som blir arva gjennom reine morslinjer (frå mor til dotter).

Ved å bruke DNA-testing saman med slektsgransking, kan vi identifisere desse eldste anane og sjå kva linjer som framleis eksisterer i dag. Her er tre metodar eg brukar for å finne dei eldste anane.

Metodar for å finne eldste anar

  1. Frå ein eldste ane til i dag 

Denne metoden er tidkrevjande, men den mest systematiske. Eg tek utgangspunkt i bygdebøkene i eit område, som vi er heldige å ha mange gode av.

Det er likt for mors- og farslinjer, men eg kan til dømes starte med ein mannleg person utan kjent opphav, følgjer linja hans framover for å sjå om sønene hans fekk søner, og om nokon av desse linjene framleis eksisterer i dag. Dersom det finst levande agnatiske etterkommarar (etterkommarar i rein farslinje), kjem denne eldste anen inn i hovuddokumentet og på nettsida.

Sidan bygdebøkene ikkje er utan feil eller spekulasjonar, kan dette vere ei feilkjelde. Men DNA-testing kan bidra til å avdekke slike feil, noko som gjer denne metoden ekstra verdifull. Ein av dei tidlegare artiklane eg har skrive omhandlar noko av dette. Ein må også vite at hovudkjeldene heller ikkje alltid har rett informasjon.

Eit utdrag av dei kvinnelege eldste anane i hovuddokumentet eg jobbar utfrå. Denne informasjonen vert henta til nettsida.
  1. Frå i dag til ein eldste ane

Denne metoden byrjar med personar som lever i dag. Eg slektsgranskar desse og ser kven dei har som eldste ane i rein fars- eller morslinje. Dette er den minst tidkrevjande metoden, men ikkje den mest systematiske.

Fordelar: Det går raskt, sidan ein byrjar med levande personar og følgjer linja bakover.

Ulemper:

  • Ein endar ofte opp med eldste anar som allereie er kartlagde.
  • Linjer med få etterkommarar (smale linjer) blir sjeldan oppdaga, og desse er viktige å sikre testing av.
  1. Full kartlegging av etterkommarar

Den tredje metoden er den mest tidkrevjande, men nødvendig for smale linjer. Her kartlegg eg alle mannlege eller kvinnelege etterkommarar av ein eldste ane.

I nokre tilfelle har eg berre funne éin levande etterkommar av ein eldste ane. Dersom denne personen ikkje har eigne etterkommarar, viser det kor viktig det er å handle raskt og systematisk. For dei som lurer: FjordDNA har sikra testing av nokre slike sjeldne linjer.

Døme på korleis eg gjer fullkartlegging av etterkommarar av ein eldste ane for å sjå kor mange etterkommarar som kan testast. Då får ein også god oversikt over kva brødresplittar som er tilgjengelege. Dette er berre eit utdrag.

Annonse

Hovuddokumentet – «Det aller heilagste»

La meg gi dykk eit lite innsyn i hovuddokumentet vårt. Det er her alt arbeidet blir samla. Dokumentet har to faner, naturleg nok for Y-DNA og mtDNA.

Fargekoding:

  • Anane er fargelagde basert på haplogrupper (store genetiske grupper). Dette gjer det lettare å skilje linjene frå kvarandre.
  • Linjer som ikkje er testa, er kvite.

Duplikat:

  • Nokre anar står oppførte fleire gongar. Dette skjer når fleire testar peikar tilbake til same ane. I slike tilfelle viser eg kvar den eldste “brødresplitten” er, dvs. kvar linja deler seg i treet.
  • Til dømes ser vi dette med Karsten Jonsson Randall Førde, der testarane kjem frå to ulike brødre, Elling Olsson Førde (c1666) og Jon Olsson Førde (c1663) – sjå biletet under.
Eit utdrag av dei mannlege eldste anane i hovuddokumentet eg jobbar utfrå. Denne informasjonen vert henta til nettsida.

Informasjon frå Norgesprosjektet DNA: På nettsida finn du kitnummeret til dei testa, som er tilgjengeleg via Norgesprosjektet DNA og fylkesprosjektet til Møre og Romsdal sine prosjektsider hos Family Tree DNA, som er testfirmaet vårt. Her finn du også STR-markørar (Y-DNA) og gruppering med andre norske resultat (både Y-DNA og mtDNA).

Testgrad – kva kan vi finne ut?

Kor djupt ei linje er testa, har mykje å seie for kva informasjon vi kan få.

  • Y-DNA: Den mest omfattande testen er Big Y-700. Det ligg mykje verdifull informasjon mellom enklare testar som Y37 og den omfattande Big Y-700.
  • mtDNA: Full Genomic Sequence (FGS) er det høgaste testnivået. Tidlegare var det mogleg å ta enklare testar som mtPlus, men desse kan oppgraderast.

Linjer som ikkje er fulltesta, kan innehalde skjult informasjon. Difor er det eit stort potensial i vidare testing – både for linjer som allereie er testa, og dei som enno ikkje er det.

Til testing – kva skjer no?

På nettsida vår, under Eldste Aner, kan du finne oversikt over linjer som er “Til testing”. Nokre av desse ventar på heilt nye resultat, medan andre er under oppgradering.

Eit døme på dette er tilfelle der vi testar ein ny person som tilhøyrer same ane, men med ein brødresplitt lenger bak i treet. På denne måten kan vi avklare detaljar i slektshistoria.

Vegen vidare – vi treng deg!

Som du no ser, har vi allereie lært mykje om dei som levde før oss. Men dette er berre byrjinga!

  • Vi er avhengige av at fleire testar seg sjølve og slektningane sine.
  • FjordDNA treng også midlar til testing av utilgjengelege linjer som burde prioriterast.

Vil du vere med? Kanskje kan firmaet du jobbar i, eller du som privatperson, sponse eit område eller ein spesifikk eldste ane. Uansett vil du bidra til å løfte fram vår felles historie på Nordvestlandet.

Eg skal halde fram med å gjere min del. Kanskje du også kan bidra? Doner under her eller ta kontakt med oss!

List item 1

List item 2

List item 3