H1bz – ei gruppe mødre frå Sunnylven og Geiranger

Kortversjon

Artikkelen utforskar korleis mitokondriell DNA-testing har avdekt ei felles slektsline blant seks personar frå Sunnylven og Geiranger, alle knytt til haplogruppa H1bz. Den sporar desse genetiske røtene tilbake til kvinner som levde etter svartedauden, og spekulerer i opphavet til denne sjeldne haplogruppa, med mogleg tilknyting mellom Vestlandet og Italia.

Det er fascinerande å oppdage korleis DNA kan knyte saman trådar av eldre og ukjend familiehistorie. På Sunnmøre, særleg i områda Sunnylven og Geiranger, har seks ulike testarar funne ei spennande samanheng gjennom haplogruppa H1bz. Denne artikkelen utforskar korleis DNA-testane deira har avdekt ei felles slektsline som strekkjer seg tilbake til tida bakom kjeldene.

Ein gong har ei stammor for alle dei omtalte linjene kome til Noreg og fått døtre i Geiranger- og Sunnylvsområdet. (KI-generert bilete)

Seks testarar og deira fire formødre

Alle kan teste sitt mitokondrielle DNA (mtDNA). Dette har alle barn arva frå mora si, som igjen fekk det frå mora si, og slik går det bakover. Det er berre døtrene som fører det vidare til sine barn. Gjennom mtDNA-testar har seks testpersonar oppdaga at dei alle høyrer til haplogruppa H1bz med nøyaktig like resultat. Denne felles slektslina knyter saman fleire gamle familiar frå Sunnylven og Geiranger:

NN Pedersdotter Møll (f. ca. 1628) har to testarar. Desse to testarane har systersplitt gjennom systrene Marie (f. 1702) og Eli (f. 1700) Jensdøtre Tafjord.

Synneve Andersdotter Vesterås frå Geiranger (f. ca. 1635) har også to testarar. Deira systersplitt ligg ved Synneves døtre Anne d.e. (f. ca. 1674) og Marit (f. ca. 1670) Halkjellsdøtre Vesterås.

Synneve Rasmusdotter Ljøen frå Sunnylven (f. ca. 1640). Ein testar frå Mitt Afrikanske DNA.

Brite Ingebrigtsdotter Haram (f. 1760). Ein testar frå Mitt Afrikanske DNA. Brite budde på Haram, men etter visse kjelder skal ho ha kome frå Geiranger, og basert på DNA-resultata kan vi konkludere med at dette stemmer.

– I tillegg er der to andre testarar som ikkje har skrive inn eldste ane, men som eg har kontakta og ikkje fått svar med enno. Eg oppdaterar artikkelen straks eg veit meir. Den eine ser ut til å ha norske anar, og den andre har skotsk etternamn – utan at vi veit noko meir per no.

Så kva har desse til felles? Som sagt har dei ekstakt like resultat. Dette betyr at det per i dag ikkje er noko skiljer desse frå kvarandre. I utgangspunktet treng ikkje dette å prove så mykje, for mtDNA muterar ikkje så ofte. Dette betyr at ein kan få treff med folk som ein delar felles stammor med frå 1000 år tilbake. Men kor tid desse mutasjonane tek stad er tilfeldig, og det er nok det som gjer at denne gruppa frå indre Sunnmøre står for seg sjølv. Truleg har det grovt rekna skjedd ein mutasjon ein gong mellom år 1100 og 1600 som desse har til felles, og at dei då har ei felles stammor ein gong etter svartedauden. Med så låge mutasjonsratar er det vanskeleg å seie noko eksakt og sikkert, og med fleire treff vil vi truleg få meir innsikt.

Ei generert reiserute for H1bz basert på geografi på testarane sine eldste aner. Grunna at det er flest vestlendingar som har testa denne haplogruppa, og at det ikkje er så mange testarar er nok denne reiseruta teikna mykje meir nordleg orientert enn den eigentleg var. H1bz har nok oppstått lenger sør i Europa. (http://scaledinnovation.com/gg/snpTracker.html)

Annonse

Jakta etter opphavet til Brite Ingebrigtsdotter på Haram

Ein deltakar på Mitt Afrikanske DNA Volda 2023/24 er etterkommar av Brite Ingebrigtsdotter på Haram, fødd 1760. I den relativt nye bygdeboka for Haram (b. 4 s. 392) står det at Brite Ingebrigtsdotter giftar seg med enkemann Anders Ellingsson Haram. Her står det ganske nøyaktig informasjon; ho skal vere fødd 20.9.1760 og vere frå Oplenskedal i Geiranger. Fødselsdatoen er truleg henta frå ei folketelling på Haram 1815, der dette står. Det skal i utgangspunktet vere lett å kome vidare i kykjebøkene her. Men der er inga Brite med Ingebrigt som far som er notert i kyrkjebøkene for Sunnylven og Geiranger dette året, og ingen høvelege åra rundt, heller. Det skjedde av og til at ikkje alle dåpar var noterte, så neste steg er å sjå om eg finn ei Brite Ingebrigtsdotter konfirmert i perioden 1773-1780. Der fann eg ingen høvelege. Eg fann heller ingen døtre av Ingebrigt som passar i skifta for Sunnylven og Geiranger heller.

Så kvar har bygdebokforfattarane i Haram garden Oplenskedal frå? Johan S. J. Molnes har sett saman boka “Vigra-slekter gjennom 500 år”, og på side 561 står Brite Ingebrigtsdotter  Oplendskedal (1754-1845). Dette er eit heilt anna fødselsår enn Bygdebok for Haram og folketeljinga 1815. Vi finn ei Brite Ingebrigtsdotter døypt i 1754 på Oplenskedal. Ho finn eg gift på Lerstad i 1804 og død 60 år gammal i 1813, så det er ikkje henne heller. Folketellinga 1801 finn “vår” Brite på Haram med fødselsår kring 1762. Ein kan kanskje tru at Molnes i “Vigra-slekter” ikkje har funne mange aktuelle Brite Ingebrigtsdøtre i kyrkjebøkene og rekna med at det måtte vere Brite i Oplenskedal.

Vi veit jo at der er manglar i mange kyrkjebøker, så det er ikkje sikkert vi får svar via kjeldene enno, men dette jobbast det vidare med. T.d. kan det vere fruktbart å teste fleire linjer frå området for å sjå om det dukkar opp fleire like resultat. Ein ekstra takk til Tor Myklebust, Arne Solli og Anne M Berge som har leita saman med meg.

Kvar kom H1bz frå?

Dei fleste europeiske morslinjer har teke vegen ut av Afrika kring samme tid, reist til Indusdalen i India før dei kom til Midtausten og Kaukasusområdet og var der i fleirfoldige årtusen. Området kring Syria og det austlege Tyrkia har truleg vore staden der haplogruppe H oppstod for kring 25.000 år sidan. Derfrå har reisene skjedd i ulike bølger. Omlag 40% av dagens europearar høyrer til denne haplogruppa.

For kring 14.000 år sidan oppstod ein mutasjon hos ei jente som skulle bli stammor for ei enorm grein av menneskeheita. Denne gruppa kallast H1 og har mange undergreiner – mellom anna Geiranger/Sunnylvsmødrene i H1bz-gruppa. H1 har blitt assosiert med t.d. Magdalénien-kulturen. Magdalénien-kulturen er knytt til steinalderen i Europa og var rådande frå om lag 17 000 til 12 000 år sidan. Folket levde som jegerar og samlarar, og kulturarven deira omfattar avanserte steinreiskapar, kunstverk og gravskikkar. Dei levde under den siste store istida og spreidde seg over heile Europa.

Ein reknar med at H1bz rundt rekna oppstod kring år 1000 f.kr. Kva som har skjedd i tida mellom H1 og H1bz er vanskeleg å vite sikkert. Mest på grunn av at H1bz er ei uvanleg haplogruppe som fram til no har flest norske testarar. Vi veit frå før at Noreg er eit prosentvis godt testa land, saman med t.d. Sverige, Finland og Storbritannia. Hadde linja kome frå eitt av desse landa ville vi nok ha sett mange treff frå desse også. Men det er nesten ingen andre skandinaviske, og veldig få britiske treff – som kan peike mot at denne har kome frå kontinentet. Kanskje kom den også direkte til Vestlandet med tanke på tettleiken akkurat her. 

Sjølv om haplogruppa er sjeldan, er vi heldige som har arkeologisk DNA frå denne! Like utanfor Tarquinia på Italias vestkyst, der dei gamle etruskarane budde, er det gjort enorme arkeologiske utgravingar. Her har dei m.a. funne levningar av og karbondatert og DNA-testa desse. Ein av desse etruskarane høyrde til haplogruppe H1bz og levde kring 200 f.kr.. Det er også italienarar i dag som høyrer til haplogruppa, som i utgangspunktet er eit lite testa land, så vi kan tillate oss å spekulere i om mødrene i Geiranger og Sunnylven kan ha vore etterkommarar av italienske kvinner frå romartida – heilt utan å konkludere, sjølvsagt! Og kor tid den kom er også umogleg å konkludere noko om, men sjøvegen til «Norvegr» og dei mange høvdingseta langs kysten har vore open minst sidan 200 e.kr. 

Medan vi ventar på ein konklusjon kan du også teste deg om du ikkje allereie har gjort det. Kven veit kva historie du sit med?