Eit lokalhistorisk cluster i Volda og Ørsta:

Historia om «Finn» og sønene hans

Kortversjon

Artikkelen handlar om eit DNA-cluster knytt til ein felles stamfar vi kallar «Finn» som var fødd kring år 1500. Gjennom DNA-testing har vi funne at «Finn» hadde minst fire søner, som spreidde seg over Volda, Ørsta og Hjørundfjorden på Sunnmøre. Desse sønene og deira etterkommarar har spesifikke mutasjonar som hjelper å identifisere slektskapen. Ved å samanlikne DNA-resultat og historiske kjelder, kan ein få innsikt i lokalhistoriske slektslinjer og migrasjonsmønster.

Når mange nok personar frå eit område DNA-testar seg vil det dukke opp eit såkalla cluster – ei samling av personar med samme opphav. Når ein finn slike cluster med eit opphav som ikkje ligg lenger bak enn 14-1500-talet byrjar sjansane for å kunne finne nye lokalhistoriske element store. Dette er historia om eit cluster som er konsentrert kring Volda, Ørsta og Hjørundfjorden på Sunnmøre.

«Finn» og hans fire søner. (KI-generert)

Testarane sine eldste aner

Det er ei rekke personar som har testa seg og høyrer til ein opphavsmann fødd på slutten av 1400-talet eller fyrst på 1500-talet. Family Tree DNA vil ha det til at han er fødd endå seinare, men det kan ikkje stemme – eg skal forklare dette seinare. Vi kan anslå at han vart fødd seinast kring år 1500, og teoriane under vert basert på dette. Denne opphavsmannen veit vi ikkje kva heitte, men vi veit han hadde ei rekke mutasjonar som alle testarane også har arva. Den mutasjonen som i dag stend som definerande for han er kalla FTD95587, så vi kan kalle han “Finn” for enkelheits skuld. Finn fekk truleg minst fire søner, for han har fire greiner etter seg, tre søner med eigne mutasjonar og ein utan. Vi veit ikkje kva son som vart fødd først eller sist, så eg set likt fødselsår på dei. Under kjem eit oversyn over dei fire sønene og kva testar og mutasjonar som høyrer til desse (sjå gjerne illustrasjon):

Oversyn over «Finn» og Y-DNA-etterkommarane hans. Dette er informasjon som ikkje er mogleg å finne i vanlege skriftlege kjelder. Utrekna fritt etter Family Tree DNA sine kalkuleringar.

Son 1: Fødd kring 1530. Han (eller kanskje sonen hans) hadde mutasjonen FTC87069. Etter han er der to testarar med to ulike eldste anar. Den eine har Jetmund Jonsson Mo (c1632) frå Ørsta som eldste ane og den andre har Mons Nilsson Skylstad (c1620) frå Hjørundfjorden. Desse to var då anten syskenborn eller tremenningar om me kan tillate oss å bruke aldersberekning på generasjonane som grunnlag.

Son 2: Kan ha hatt namnet Jon. Fødd kring 1530. Denne linja har ikkje eigen mutasjon, men testaren som høyrer til denne linja har Knut Jonsson Leite (c1560) som eldste ane. Om faren hans, Jon, veit vi ingenting. Han kan ha vore fødd kring 1530 – og dermed vore sonen til “Finn”. 

Son 3: Kan ha hatt namnet Erik. Fødd kring 1530. Han hadde mutasjonen FTB98887 og det er fire testarar etter han, der tre av desse har oppgradert til Big Y-700. Dei eldste anene er Ole Jakobsson Nes (c1650) frå Austefjorden, Ole Torsson Skjåstad (c1600) frå Hjørundfjorden og Ole Eriksson Langvatn (c1570) også frå Austefjorden (sistnemnde har to testarar). Her også kan me leike oss med aldersberekning og namn. Sidan Ole Eriksson Langvatn vart fødd kring 1570 kan denne sonen til “Finn” ha hatt namnet Erik. Ser vi på Ole Torsson Skjåstad (c1600), kan faren hans, Tor, ha vore fødd kring 1570. Då kan han ha vore sonen til Erik, og dermed hatt namnet Tor Eriksson og vore bror til Ole Eriksson Langvatn. Dette er dog kun basert på aldersberekningar og mutasjonar – men er likevel plausibelt utfrå dagens resultat. Ein liten lokal fun fact: Ole Jakobsson Nes (c1650) er Per Aarviknes (forfattaren av Voldasoga) sin eldste ane i rein farslinje. Dette trur eg hadde vore spennande for han å setje seg inn i.

Son 4: Fødd kring 1530. Han hadde mutasjonen FTE53688. Utfrå han er der fire testarar med tre ulike eldste anar som, og desse tre linjene har Big Y-700. Dei tre eldste anene er Tore Knutsson Liaskar (c1613) frå Mork i Volda, Knut Larsson Myklebust (c1596) frå Ørsta og ein Antonius (c1600) som vi ikkje veit kvar budde, men hadde to søner som var på Raudemel i Hornindal og Osdal i Volda. Av desse tre veit vi at Knut Larsson Myklebust og Antonius hadde ein ekstra mutasjon (FTE95527) som Tore Knutsson ikkje hadde. Brukar vi dei samme aldersberekningane er det då naturleg å tenke at dette var faren til Knut Larsson og Antonius, og at han hadde namnet Lars. I så fall hadde Antonius også patronymet Larsson. Kanskje kan vi finne eit høveleg brorskap i kjelder ein gong i framtida. Forholdet deira med Tore Knutsson Liaskar (c1613) vert då kring syskenborn/tremenningar.

Annonse

Kan vi stole på årstala?

Eg nemnde tidlegare i artikkelen at Family Tree DNA estimerte alder på “Finn” sin mutasjon FTB95587 til seinare enn eg har. Dei har per i dag estimert at han er fødd kring 1541. Vidare estimerar dei det slik:

SNP/mutasjonNamnFødselsår
FTB95587“Finn”1541
FTC87069Son 1/soneson1616
FTB98887Son 3 (Erik?)1669
FTE53688Son 41689
FTE95527(Lars?) Son til son 41692
Ei over 2800 år lang grein frå I-BY25000 til I-FTB95587, utan sidegreiner – dette gjer alderskalkuleringa litt upresis (frå Family Tree DNA sitt Time Tree).

Som de ser er ikkje desse årstala moglege å få til å stemme med dei dei skriftlege kjeldene, utan at det har skjedd noko presten ikkje visste om – i mange ledd – og det er ikkje sannsynleg. Men der er ei anna forklaring til kvifor Family Tree DNA har lagt aldersestimata så høgt, for testfirmaet ser ikkje på namn og alder på eldste anar slik vi gjer. Dei reknar utfrå talet på tidlegare mutasjonar, for å seie det særs enkelt, og har ein avansert algoritme me ikkje skal gå inn på her. Vi må altså sjå på det som har vore tidlegare for å forstå. Som de ser av biletet under er der ingen(!) greiner mellom 1268 f.kr. (BY25000) og 1541 e.kr. (FTB95587) – altså over 2800 år utan ei grein som fører til i dag! Det er sjeldan vi ser slike lange strekk utan greiner. Mutasjonar skjer tilfeldig med ein viss grad av regelmessigheit, men denne er ikkje absolutt. Om det har vore litt fleire mutasjonar desse 2800 åra enn gjennomsnittet, vil aldersberekninga dermed verte litt høg. Det må vere tilfellet her.

Her er lista over SNP-ar som berre denne clusteren har, og som kan vere grunnen til at alderskalkuleringa er litt høg.

Fleire av testarane har treff på lavare grad (37 markørar) med andre testarar, men som ikkje har oppgradert til Big Y. Kan hende får me nye greiner og nye utrekningar om nokre av desse oppgraderar. Eg har sendt epost til nokre av desse, men har ikkje fått svar.

Kvar kom denne linja frå?

Når der manglar greiner i 2800 år er det vanskeleg å seie noko handfast om kva som har skjedde desse åra. Men nokre indikasjonar kan vi få ved å sjå på tidlegare greiner. For det er fleire greiner som høyrer til BY25000, mutasjonen som oppstod hos ein gut kring år 1268 f.kr. Vi kallar han “Birger”. Kvar Birger budde er usikkert, men mykje peikar på at han var frå Skandinavia, sidan dei aller fleste av etterkommarane kjem frå Noreg og Sverige. Ein av etterkommarane var til og med ein viking (truleg svensk) som reiste til Ladoga i Russland og vart gravlagd der. DNA-testing av levningane hans viser at han høyrde til ei svensk grein av Birgers etterkommarar. 

Der er også ei anna grein frå Birger som har kome til Sunnmøre frå Sverige. Denne har foreløpig hovudvekt i Sunnylven, og høyrer til ei undergrein som heiter FTE11442, som oppstod hos ein gut fødd kring 1417. Dei eldste anene som er etterkommarar av denne guten er Peder Ingebrigtsson Seljeflot (c1600) frå Sunnylven, Lars Paulsson Høydal (c1682) frå Volda og Jon Rasmusson Frøysa (c1677) også frå Sunnylven. Biletet under viser korleis dei norske treffa heng saman.

Her ser du dei to greinene etter «Birger» som havnar på Sunnmøre. Begge har mest truleg kome frå Sverige.

Før dette har fedrene til “Finn” og “Birger” vore i Sverige, Danmark og Nord-Tyskland i minst 2000 år, som dei fleste i haplogruppe I1. Denne Y-haplogruppa er den mest vanlege av dei alle i Noreg, og oppstod i Tyskland før den breidde seg utover Skandinavia i stort omfang. Det er veldig mange undergrupper av denne, så her må dei ha fått mange søner i mange generasjonar. I1 er også kjend for å vere ei av dei fyrste inn i Europa og bestod lenge hovudsakleg av jegerar og sankarar som spesialiserte seg på livet sør for isen då istida framleis var gjeldande i nord.

Omlag slik har denne greina reist frå vår alles felles stamfar i Afrika kring 230.000 år sidan til Skandinavia dei siste 1000 åra. (http://scaledinnovation.com/gg/snpTracker.html)

Vegen vidare

I mange av artiklane eg har skrive har vegen vidare i stor grad vore å oppgradere testar. I dette tilfellet er mange av “Finn” sine etterkommarar allereie testa. For å finne meir svar i denne greina må vi heller teste fleire utesta linjer frå området. Om du vil vere med på det, anten ved å teste deg eller sponse ein test, er det flott om du tek kontakt!

I den andre greina etter Birger, som til no hadde nedslagsfelt hovudsakleg i Sunnylven, er der fleire andre linjer som berre har testa 37 markørar. Dei mest lokale av desse er frå Nordfjord og Sunnmøre. Tre av desse høyrer til skuleprosjektet Mitt Afrikanske DNA ved Volda VGS, der den eine har eldste ane i Geiranger med Paul Olsson Ørjasæter (c1682). Alle desse treng oppgraderingar til Big Y-700. Om du vil vere med på å oppgradere desse tek vi gjerne imot donasjonar som vil gå til dette, eller til andre formål du ynskjer (sjå under).