37-serien: To ulsteinvikingar

Rasmus Olsson på Hatløya i Ulstein vart fødd kring 1662, men bakgrunnen hans veit vi ikkje noko om, anna enn at faren hans heitte Ole. Ein etterkommar som har Rasmus i rein farslinje bakover har testa 37 markørar på Y-kromosomet sitt, og brått veit vi litt meir om kva som har rørt seg før Rasmus Olsson.

Kortversjon

Artikkelen omhandlar to menn frå Ulstein, Rasmus Olsson Hatløy (ca. 1662) og Lars Hansson Haddal (ca. 1685), som har blitt analysert med Y-DNA 37 markørar. Testane viste at dei sannsynlegvis har ein felles stamfar frå 1500- eller 1600-talet. Det er også slektskap med britiske og nordirske familiar som stammar frå Skandinavia. For meir presise svar må testane oppgraderast til Big Y-700. Desse funna gir innsikt i røtene til «ulsteinvikingane» og migrasjonsmønster.

Lars Hansson Haddal (c1685) og Rasmus Olsson Hatløy (c1662) har ein felles stamfar som mest truleg også var ulsteinviking. (Illustrasjonsbilete)

Gamle skandinavar med greiner til dei britiske øyene

Om vi ser på dei næraste treffa til Rasmus finn vi eit lokalt, og det er det einaste nære. Dette tilhøyrer ein testar som har Lars Hansson Haddal (1685-1742) som eldste ane i agnatisk linje. Desse har 36 av 37 markørar like, som indikerar eit relativt nært slektskap, og mest truleg ein gong på 1500-talet, kanskje på 1600-talet. For å finne dette meir nøyaktig må begge oppgradere til Big Y-700.

Der er også fleire engelske og nord-irske treff som har kome til dei britiske øyene frå Noreg eller Sverige i åra 500-1200, også er treff av Rasmus og Lars. Desse har familienamna Cralle/Cralley og Wasson, som er britiske namn som kan sporast tilbake til høgmiddelalderen.

Reiseruta som forfedrene til Lars og Rasmus har teke. Dei tilhøyrde mest truleg haplogruppe R1a-YP609, og forfedrene har vore i Skandinavia i minst 4000 år!

Annonse

Treng oppdatering!

Haplogruppe R1a er ei gruppe som har mange greiner, og det er litt vanskeleg å vite heilt eksakt kva grein Rasmus og Lars høyrde til på det lavaste testnivået. Men går vi tilbake til kring år 900 f.kr. hadde dei samme forfar som dei to Åmdalskarane eg skreiv om i ein tidlegare artikkel. Denne mutasjonen er ei skandinavisk hovudgrein som kjenneteiknast av mutasjonen L448. Her skilde greinene seg og mest truleg høyrer dei to ulsteinvikingane til mutasjonsgreina YP609, som oppstod kring 450 f.kr. Etter dette må som sagt vi oppgradere til Big Y-700 for å få betre og meir nyanserte svar. 

Vil du bidra til å oppgradere ein eller begge testane? Doner under her eller ta kontakt med oss!

I artikkelen

Meir om 37-serien

Hos Family Tree DNA er der sju ulike grader av Y-testar (12, 25, 37, 67, 111, BigY-500 og BigY-700). Dei mest fyldige seier sjølvsagt mest, men vi startar likevel ofte på 37 markørar. Desse seier også litt, og i denne serien vil eg belyse nokre av desse testane – og håpar sjølvsagt at nokon ynskjer å sponse testen slik at vi får oppgradert den til BigY-700 og kan fortelje den meir nyanserte og meir nøyaktige versjonen.