Årets Historieundervisningspris 2023

Det jobbast – jamnt og trutt! Ikkje tru noko anna. For i løpet av året skal det sleppast ei nettside for dette prosjektet. Nettsida vert designa og utforma av dyktige Anders Børtnes Kalvatn, som skal drifte denne for meg, sjølv om innhaldet vert skrive og planlagt av meg. Sida skal fungere som ein database og eit oppslagsverk for DNA og lokalhistorie på Søre Sunnmøre. Her vil vi også poste nyhende og nye artiklar, og linke til desse på heimesida her. Så det er berre å halde fram å følge sida på Facebook også. Nokre gledelege nyhende sidan sist:

Gunnar Sigve Aurdal og Olav S. Myklebust. Foto: HIFO

Skuleprosjektet Mitt Afrikanske DNA ved Volda vidaregåande skule, som eg også er prosjektleiar for saman med dyktige kollegaar på skulen, har vunne «Årets Historieundervisningspris 2023» gjeve av Den norske historiske forening. Dette skuleprosjektet er viktig på mange måtar, men uvurderlig for vårt lokalprosjekt. Her får vi inn fleire nye manns- og kvinnelinjer og mange av artiklane som er skrive er basert på resultata herfrå. No vil vi gjerne at prosjektet skal spre seg til fleire skular – berre å ta kontakt om du er tilknytta ein vidaregåande skule. Pressemelding og juryens vurdering finn du her: https://mrfylke.no/…/volda-laerarar-faar-pris-for…

Annonse

Mange har sikkert fått med seg det fantastisk spennande arkeologiske funnet på Selje. Her vart det funne levningar etter minst 5 personar i ei grav frå steinalderen, kring 4000 år sidan! Det beste er at dei er i sopass god stand at det truleg kan gjerast DNA-prøver av dei. Funnet er sensasjonelt i norsk samanheng, og sjølv om det vil ta litt tid, vil vi forhåpentlegvis få eit innsyn i nokre enkeltmenneske si reise til Selje. Testfirmaet vi nyttar, Family Tree DNA, har for ikkje så lenge sidan byrja å legge til arkeologiske funn i databasen sin, og det gjer at vi kan sjå korleis vi er kobla opp mot desse funna. Førebels gjeld dette berre Y-DNA (farslinjer, og då djupaste test Big-Y), men det kjem også for mtDNA (morslinjer). Om du vil sjå korleis di linje har reist, og om du har fjerne slektningar i arkeologiske funn, er det berre å teste seg. Ta kontakt om du vil ta steget og kjøpe deg test, og treng hjelp til å melde deg inn i prosjektet. https://www.nrk.no/…/sensasjonelt-funn-av-4000-ar-gammal…

I mellomtida får me berre vente på arkeologiske resultat, moderne skuleresultat og ei nettside. Mykje spennande i vente. Vi har trua!

Gunnar Sigve Aurdal