Vadstein-døtrene: oppdatering

Kan hende nokre av dykk hugsar ein post eg skreiv i januar i fjor om dei tre systrene på Vadstein i Volda, Brite, Kari og Mette, der det via testing av mtDNA kom fram at to av desse (Brite og Mette) hadde samme far men ulike mødre – noko som ikkje kjem fram av dei skriftlege kjeldene. Den tredje systera, Kari, var ikkje testa. Trudde eg. Etter foredraget eg heldt i Ulsteinvik i februar kom ein kar bort til meg og viste meg dei testane han hadde gjort, gjennom eit anna firma enn vi brukar; LivingDNA. Og jammen viste treet hans at han var direkte etterkommar av Kari i rein morslinje bakover. Sannsynet for at denne testen skulle vere lik ein av dei andre testane føltes stort. Og like stor var overraskinga då eg oppdaga ei TREDJE haplogruppe – H1bb!

Tilbakeblikk

Så for å seie oppatt litt om den førre posten. Kort sagt er mtDNA noko alle born arvar etter mor si, men som berre jentene kan vidareføre til sine born. Det vil seie at du fekk det frå mor di, som fekk det frå mormor, mormors mor, osv. Og på samme måte som Y-DNA endar det opp i såkalla haplogrupper, som er med på å definere kven som er felle stammødre tilbake i tid.

Brite og Mette

Men i dette dømet skal vi sjå at det også er nyttig i lokalhistorisk samanheng. Det kan faktisk nyansere dei skriftlege kjeldene og tilføre ny kunnskap. Vi skal til garden Vadstein som er ein del av Hjartåbygda i Volda. Dei skriftlege kjeldene fortel der om Ole Olsson Vadstein (c1666-1754), kona hans Elen Jetmundsdotter frå Mo i Ørsta (c1673-1742), og døtrene Brite (c1688), Kari (c1700) og Mette (c1705) (sjå fyrste biletet). Dei mest observante av dykk legg kanskje merke til at Elen må ha vore særs ung då ho fekk Brite – kring 15 år. Ikkje umogleg – men heller ikkje så veldig vanleg. Meir seier ikkje dei skriftlege kjeldene om dette.

Annonse

Så var det to damer som testa seg heilt uavhengig av kvarandre. Den eine var direkte etterkommar i morslinje tilbake til Brite, og den andre til Mette. Det burde jo bli ein match, men det vart det ikkje. Brite sin etterkommar høyrer til haplogruppe U5b2a2a medan Mette sin etterkommar er J1c3b1. På eitt eller anna tidspunkt må desse ha hatt ulike mødre. Så er det jo slik at eit svangerskap ikkje er så lett å skjule. Det har ikkje vore tale om foster- eller adoptivforeldre i nokon av ledda etter. Då er nok sannsynet høgt for at Brite og Mette hadde ulike mødre, og det er vel ikkje så usannsynleg når me ser på alderen til Elen. Ole Olsson Vadstein var altså truleg gift før han var gift med Elen, og fekk dottera Brite med den fyrste kona. Så har ho truleg døydd, og han vart gift på nytt og fekk fleire born med nyekona Elen (sjå det andre biletet).

Slik skreiv eg det i januar 2022.

Kari og den «nye» mora

Kva så med Kari, dottera midt i mellom? Det er henne denne nypostinga handlar om. Og med eit tredje DNA-resultat kan vi no konkludere med at Ole Olsson var gift (minst) tre gongar, og at Kari var dotter av den andre av desse. Vi har rett og slett ført Kari si mor tilbake til historia! Takk til testarane som har gjort dette mogleg!

PS: nokre tenkjer kanskje at Ole Olsson kan ha fått eitt eller fleire av barna utanfor ekteskapet. Det kan kanskje hende, men det var vel ikkje vanlegaste praksisen å ha «uekte» barn heime med faren, er mi erfaring med kjeldene. Dette veit nok historikarane meir om enn meg – kom gjerne med innspel på det.